Destinasjonen var Nordkjosbotn. Bilen vora sigla oppover Norland sin ujevne E6 denne tidlege søndagsmorgonen. Eg satt på rad 2 i minibussen og kvilte tanktane mine i ein lett søvn.
Det var den der Saltstraum-elva som starta heile greia, verdas sterkaste saltstraum, visstnok.
Plutseleg dukka den opp nokre hundre meter lenger framme, og i hu og hei vart eg vekt for å knipse eit par foto, få dokumentert denne attraksjonen på eit eller anna vis.
Litt sann ubevisst kava eg meg opp, steig halvvegs ned i skoa og heiv meg fram til frontruta for best mogeleg sikt.
Fotograferinga gjekk dårlig. Eg hadde på ingen mogeleg måte fått med Saltstraumen, og dei få ok bileta eg fekk av brua over elva, vart fint dekorert med pjuskete busker, autovern, og ein skrikande, malplassert måse.
Som om ikkje det var nok, presterte bilen vora å passere ein stygg veg-byll som fekk kjerra til å gi etter med eit ytterst upassande hopp. I utgangspunktet var eg nokså ubalansert, og dette hoppet fekk meg til å bykse bakover, med baken først. Idet venstre sko flaug mot sjåføren, landa eg ikkje berre i midtgongen, men på den nokså fulle blåbærjuice-kartongen til Anders, av alle ting å lande på.
Den sprakk. Eg lo. Golvet vart blått. Eg lo framleis, lo så eg ikkje greidde å bevege meg.
Buksa mi såg ikkje ut. Eller, heile meg såg vel ikkje ut.
Vi lo alle sammen.
10 sekund forandra jammen meg dagen.
Monday
Sunday
Konsert Constantin
Kanskje 15 min hadde gått, kanskje 20. Eg hadde blada fram min finaste penn og notatboka mi og tenkte eg skulle skrible ned eitt eller anna, då denne utradisjonelle fargeklatten av ein attraksjonen spaserte inn i venterommet i kjellaren på Oslo S.
Eg stirra intenst. Augene ville rett og slett ikkje sleppe taket. For ein observasjon.
Han måtte vere hippie.
Alt, utan denne sprakande flanellskjorta, var heimesnekra klesplagg. Sjegget var pent fletta i 5 og kvar flette utstyrt med solsikke-strikk. I hendene trilla han ei vogn med bagasje, med eit henslengd raudhåra nasegrev av ei dokke, nærsta knebla over bagasjen.
Er dette ei form for sjult kamera? Americas best home videoes?? Tore På Sporet?
Nei, eg kunne ikkje la ein slik mann forsvinne ut av livet mitt før eg hadde slått av ein prat.
Constantin var namnet. Frå Nederland. Gatemusikant og fri som vinden! Vegen var hans heim, og opne armar hans ven. Eg kunne skrive ei bok om han av alt materiale han serverte meg den halvtimen vi snakka saman.
Haikande hadde han kome frå Sverige, og skulle til Volda (av alle plassar) for å feire jul. Eg vart til og med invitert til festen. Han nevnte noko om ein Rainbow-bevegelse, fri dans og no limits.
Ein fin invitasjon det, for all del, eg er jo generelt veldig glad i invitasjonar, men eit høfeleg avslag tenkte eg var på sin plass. Flower-power-jul er ikkje heilt min stil.

Eg såg han legge vogna med den fastknytte dokka på inni bagasjerommet på nabobussen, så køyrde vi kvar vora veg, til kvar vora jul, til Sunnmøre, denne kalde vinternatta.
Wednesday
ok, blakk, glad, akkurat
.......................................................................................................................................
For nokre år tilbake møtte eg ein som budde på loftet i ei forlatt fabrikkbygning. Han åt tunfisk til lunsj og tunfisk til middag. Til dessert las han avisa, og til kvelds var han sosial i jakka han hadde funne i kontaineren til naboblokka.
Utradisjonelt.
Nokre bur i leiligheiter, studerar, et restar av pizzaen femte dag på rad, vaskar badet tre gongar i året, tek med klesvasken heim til mor i helga og spelar War Craft heile natta.
Typisk.
Dei fleste familiar bur i store hus, foreldra går på jobb, lagar middag, vaskar, får ungane til sengs og går og legg seg.
Stabilt.
Nokre berre bur og veit ikkje om det kjem nokon morgondag.
Realitet.
Andre vaknar av å bli dratt inn i dusjen, kledd på kle ein ikkje vil gå med, plassert i ein stol for å glane ut vindauget resten av dagen, avbrutt av eit par nødvendige måltid.
Rutine.
Somme menneske parkerar seg i kollektiv. Søv utpå formiddagen, tek nettstudium, et snickers til middag, tømmer lommeboka i helga og klagar så fint på at stipendet er for lite.
Nordmann?
Nokre berre vinn i lotto.
I fjor møtte eg Berit. Ei vaksen, blond, korthåra dame med raud leppestift. Ho drog på date eit par gongar i veka, åt biff og drakk rødvin, levde på salg og trygda. Ho råda meg til å aldri gifte meg...då ville livet mitt bli for..balansert.
Morsom.
Enkelte frydar seg ubetinga over dagen, jobbar overtid, dreg på cafè til lunsj, engasjerer seg i samfunnet og les bøker over ein kopp te på kvelden.
Kvifor ikkje.
No bur eg i bakgården til eit gamalt fengsel, er etalert i ei campingvogn, drikk polsk kaffe attåt frukosten, les illustrert vitenskap som eg ved ein misforståelse abonnerer på, snakkar engelsk/norsk halve dagen, booker show på kontoret, er romveninne med sjølvaste Heck (ja, ho heiter nemleg Melissa Heck), og evangeliserer med eit show som regelmessig er på turnè.
Ikkje planlagt.
Livet er uforutsigbart.

Saturday
Bonde i By´n med Gud i spissen
Med tunge skritt marsjerte eg nedover Karl Johan. Litt stressa, tørr eg påstå. Konserten hadde for lengst starta og eg spaserte der som eit levande spørsmålsteikn uvitande om kvar eg skulle gå. Vinden var furten, reiv og sleit i oss tilfeldige forbipasserande, slengte med leppa og spytta store klyser regn. Dessutan var paraplyen alt anna enn samarbeidsvillig. Til slutt hadde den slått seg ned som ein slags lampeskjerm over hovudet mitt...følte meg kul.
Både mobilen og bankkortet mitt hadde klikka tidlegare på dagen, så eg hadde køyrd meg fast både økonomisk og kommunikasjonisk (viss det er eit ord). Denne jakta på Oslo S tok derfor litt lengre tid enn planlagt. Malplassert. Som potetmos i ei postkasse. Altså, eg gjekk meg på ein måte vill. Om det var uteliggaren sin peikefinger eller det desorienterte hovudet mitt si skuld, vil eg for min eigen del ikkje tenke på, men eg fann underleg nok ikkje dette midtpunktet, sjølve smørøyet i Oslo, dette klokkeklare, totalt openlyse Oslo S uansett kvar eg gjekk.
Eg svinga inn på nærmaste Narvesen, måtte ha noko å bite i som plaster på såret for heile skiten. Plutseleg slo det meg, medan eg sto der og betalte den relativt ok kinder-sjokoladen, at siste rest av småpengar, den slanten eg måtte bruke på telefonautomaten for å få kontakt med søstra mi, var i hendene på den smilande kassadama bak disken. Med ugleauge såg eg mi eiga sjebne flyge inn i det lubne kassaapparatet, eg hadde gravd mi eiga grav for ein kinder-sjokolade.
Null info. Null konsert. Null pengar. Null kommuikasjon.
Leda til å ikkje stole på meg sjølv.
Fantastisk. Nødvendig.
Det slår aldri feil det, å stole på Gud liksom...
Halleluja!

Det slo meg i dusjen...
...................................................................................................
Heilt ærleg kan eg seie at eg ikkje er nokon "dusj-person". I motsetnad til andre, finn eg det underleg nok ikkje så veldig underhaldande å dusje.
Det må vere den einaste økonomiske eigenskapen eg har.
Shampoo + shower gel + rennande vatn + handkle...
Kva er det med denne kombinasjonen som er så ekstremt festleg? For eg har nemleg ikkje skjønt det. At eg dusjar ofte er ei anna sak. Men det er berre fordi eg er hygienefrik.
Desse keisame minutta nyttar eg derfor til å ta opp eksistensielle spørsmål, synging (sidan det tydelegvis skal vere så populært), politikk, løyse verdsproblem ect.
Angåande sistnemde så har eg vel ikkje komon nokon veg dei siste åra, ein grunn til at eg i dag skifta tema.
Så under sist dusjing grubla eg på kor mange timar eg har tenkt i livet mitt, ein tanke eg ikkje kunne legge på hylla. Derfor gjorde eg ein grundig hjernetrim, og kokte saman mitt livs reknestykke:
20 år + 1 mnd + 7 dagar + 5 timar = 117413 timar tenking
(Eg kan nemne at eit dagleg inntak på 8-timar søvn er medrekna i reknestykket)
Her snakkar vi store tal.
Konklusjon: eg har altså tenkt i omlag 117413 timar.
Eit antal som inneber at eg faktisk har tenkt i nesten to dusin år, omlag 22,5 % av Nelson Mandela sitt liv, og nesten fire 2. verdskrigar.
Jammen har eg tenkt altså.
Etter så mykje tenking kan ein faktisk fundere på kvifor i all verda eg fortsatt er så uintelligent...eller eg gjer vertfall det.
Men det synest eg er heilt ok,
viss ikkje hadde eg sikkert gjort noko med det.

Dråpar. Ein fascinerande detalj.
Finnes det fleire dråpar enn sandkorn tru?
Været skrudde på krana igjen. Nok ein gong vart Sunnmøre skura grundig. Den store vårreingjeringa holdt fram i både fjell og fjord, ikkje ei einaste furunål skulle sleppe unna.

Når været oppfører seg slik, søker eg ofte tilflukt innandørs, finn meg eit lunt, varmt hjørne der eg kan observere regnet under tørre forhold. Det har nesten vorte eit sjølvfølgje.
Så tenkte eg på ein blom. Vil den vere tørr er den sjanselaus under slike forhold. Liten, harmlaus og ingen paraply. Har den følgt godt nok med på atmosfæra, har den kanskje forutsett været og alt lukka kronblada sine, men elles har den ikkje noko forsvar mot skyene sine tallause hærar. Når eit artilleri av dråpar angrip, er det ingen stad å gøyme seg.
Røtene blir dynka med næring.
Av og til er det godt å bli søkkvåt av ein regnskur. Late att augene og bøye hovudet forsiktig mot skyene. Kjenne dråpane treffe hudoverflata. Smake det friske vatnet i munnen. La vatnet sile ned ryggen. Kjenne regntårene trille ned kinna. Lytte nøysamt til samklangen i sildringa. Vere som ein blom.
Dynka. Gjennomvåt. Skjønne at ein lever.

Friday
Alle tiders valg
...eg fekk lyst til å banne.
Eg var forbausa over meg sjølv, kan ikkje hugse kva tid det skjedde sist. Underleg.
Ubevisst reaksjon. Som om eg var 13 år igjen.
Det var ingen grunn til å vere sur, likevel hang mina som ein opp-ned banan.
Kva i alpakka gjekk av meg?
Dagen hadde vore utmerka, eg hadde vore i Ålesund, besøkt vener, drukke kaffe, og hatt ein fin busstur heim.
Ut av intet kom dette humøret.
Frustrasjon over noko eg ikkje visste kva var, og som eg ikkje greidde å kontrollere.
Eg såg tåpeleg ut der eg gjekk. Hurtig gange langs hovudvegen med ein oppslådd, halv-samanhengande paraply i handa, medan regnet piska ned på meg.
Tidspress? Stress?
Eit augneblunk utan meining.
Den tunge veska slo meg i sida for kvart steg.
Kvar var mamma?
Absurd.
Drit og drag i alt.
Ho skulle liksom hente meg.
Ein telefon, to, tre, seks...ingen svar.
Kald. Våt. For sein.
"Gled deg i Herren alltid"
Ei setning.
Av og til så fjernt, så vanskeleg, så ufristande, likevel....
så sant, så viktig, så godt...

På veg heim

Siste dobbelsjekk. Hadde eg gløymt noko??
Romvenninna mi hadde framleis ikkje pakka ferdig. Der låg nokre brev i senga hennar, ein ladar, den brune pysjamasbuksa med orange ender på, og ein tallerken med to kiwiar. Senga mi var tom. Knaggane på veggen også. Ikkje minst veggane i seg sjølv. Ingenting i klesskapet mitt heller, bortsett frå plakaten av Jude Law då. Sjølv om det stod på nedvaskings-papiret at absoultt ALT måtte pakkast ut, tenkte eg det kunne vere koseleg for neste års romeigarar å bli velkomne av ein ordentleg kjekkas...
Eg såg på klokka, 10 min til bussen gjekk. Pappa hadde vore her tidlegare på dagen å henta hovudbagasjen, så siste rest var veska mi, ein pose skor og parfyme, to tomme vinflasker eg hadde tenkt å bruke som lysestakar, og den lilla soveposen til Rannva som eg hadde lova eg skulle ta med.
Eit siste blikk inn på rommet mitt. Nesten akkurat slik det såg ut for 9 månadar sidan då eg fyrst kom hit til Dts-en. Det er noko spesielt med å forlate ein heim. Det avsluttande augekastet, som om ein skrur på ekstra med konsentrasjon og tek tid til å lagre alt det som har hendt der. Plutseleg innser ein at det har fått ein liten plass i hjartet, der er ein liten krok full av minner. Kanskje det betydde litt meir enn ein trudde. Ivertfall for min del.
Bussenturen til Ørsta var som vanleg. Nesten tom. Tre eldre damer framfor meg, og den snille bussjåføren som lot meg betale på ferga fordi eg ikkje fann lommeboka ved påstiging. Snart var det midnatt og trafikken hadde for lengst gått til køys. Fredeleg.
Eg spurte bussjåføren om eg kunne hoppe av på Morkabrua, då slapp eg nemleg å gå heilt frå sentrum og heim, 15 min kortare. Han sa det var greit så lenge han kunne stoppe der autovernet var over.
Vegen var heilt tom. Ikkje ei levande sjel og sjå.
Dei nye skorne frå Fretex hadde gitt meg gnagesår på begge vesletærne, så eg måtte gå barbeint. Eg likar å gå barbeint.
Sommarnatta grydde, medan eg vandra fredfullt heim og tenkte på at nok eit år var omme, eg har tatt ein dts, og ein ny start venta meg til hausten. Gud er god.
Monday
Diamantar på hovudet
Statoil var neste stopp. Sjokoladehungeren hadde eit godt grep om magesekken min, så ein liten visitt på bensinstasjonen andre pinsedag var høgst nødvendig.
Vi kryssa gata, eg, Chris og Astrid, då plutseleg ei forbausande, fordervande stank gjennomsyra luktesansane mine. Aldri lukta lignande. Eg skotta opp på Chris, kunne det vere...? Nei, ei slik lukt kunne umogeleg ha komt ut av eit menneskleg individ. Samtidig begynte eg å bli vàr ein musikk i det fjerne, litt sann O When The Saints aktig. Augene mine leita etter ei forklaring, og der, til venstre dukka det opp eit stripette telttak bak ein slakk bakketopp. Eg la saman ein pluss to, og konkluderte at det ikkje kunne vere anna enn eit sirkus.
Vi kom oss opp på ein haug for å få betre utsikt, og det var ikkje lenger tvil om kvar den angripande lukta kom frå. Rett forrut stod ein gigantisk elefant utanfor sirkusteltet med raudt, glittrande hodeplagg, og med eit godt rue-fjell som nærmaste nabo. For meg som sikkert nok aldri har sett ein elefant live før, var dette ekstraordinært, stank eller ei. Der stod eg, og der stod elefanten. Søren at eg ikkje hadde kamera.
Overentusiastisk fekk eg unnagjort Statoil-besøket snarast råd, henta kameraet heime og sprang ned til sirkuset. Om det var lovleg betydde ikkje så mykje, men eg sneik meg vertfall inn bakvegen på avmerka området, forbi alle sirkusvognene og bort til elefanten. Der var ein mann ved sidan av. Høg, mørk og med ein moderne version av Hitlærbarten. Han gav meg eit morskt blikk, kva gjorde vel eg der? Ein kan liksom ikkje berre plassere seg sjølv backstage med den afrikanske stjerna utan lov. Raskt leita eg fram nokre velvalgte ord og spurte om fotograferingstillatelse, noko som nølande vart akseptert.
Avstanden mellom meg og elefanten var maks to meter. Namnet var Baby. Altså stod eg face to face med ein dampveivalsar av ein elefant ved namn Baby. Aldri opplevd maken, sært vesen altså. Først prøvde eg å introdusere meg med å rekke ut handa mi, og greit nok, det er ein elefant det er snakk om, men å legge snabelen sin i handa mi for deretter å "snyte" snørr på meg var vel ikkje nødvendig. I tillegg var den tydelegvis begeistra for kameraet mitt, og veiva febrilsk med snabelen for å fange det. Ein gong måtte eg rett og slett dytte bort denne massive nasa så den ikkje reiv med seg apparatet. Etter litt mislykka fotografering døde batteria, og eg måtte gi meg for kvelden. Synd. Der var nemleg 5 kostymeførte kamelar eg gjerne skulle avbilda.
Lurer på om elefanten var tysk. Kanskje.

Antikvitetsbutikken
Ingen shoppingsenter, ingen klesbutikk, ingen skobutikk, rett og slett ikkje nokon "typisk" bytur. Vi drog, eg og Danielle, enkelt og greit for å undersøke kva Ålesund sine bortgjøymde gater hadde å by på. Ein bit arkitektur, eit stykke historie, og eit snev kultur, interesserte vi oss meir i.
Føtene vora vandra rundt i smørauget av Jugendbyen, gjennom gater og smug, ein laberynt med blindgater og omvegar. For min del vart det nesten som eit eventyr, ei ivrig jakt på noko eg ikkje visste kva var, men som eg visste ville glede meg. Frå det eine store butikkvindauget til det andre drog vi, heilt til vi fann noko som såg lovande ut. Første visitt vart hjå ei lita antikvitetsforretning, av type mynt-fokus. I tillegg var der ein utadvendt, halv-spansk alkoholbasert butikkeigar, som hadde samla på Cæsar-myntar sidan han var 5. Interessangt besøk.
I haust fortalde ein fyr meg om ei gate, litt bortgjøymd, men som visstnok skulle innehalde både det eine særeigne etter det andre. Eit strøk vi begge gjerne ville utforske. Som to detektivar inspiserte vi det vi kom over for å finne vegen; skilt, hus, grøfter, vindaug, og tilfeldig søppel på vegen. Følte meg som Inspector Gadget i eigen person. Det einaste eg mangla var forstørrelsesglas, frakk, ein magisk støvsuger i innerlomma, og ein hemmeleg propell i hatten.
Mystisk nok endte vi opp i gata vi leita etter. Eit unødvendig gravmeskin-arbeid sørga for at staden var på langt nær så idyllisk som eg hadde sett føre meg, men byningane vi leita etter var der; Glasblåseri, ein gammaldags cafè, antikvitetsbutikk og den fargerike Teaterfabrikken, eit konsertlokale/restaurant.
Antikvitetsbutikken var det som fanga mi merksemd. Eg har bokstavelegtalt aldri sett maken. Er det ein butikk eg motvillig har forlatt, så må det vere denne. Ein 2-etasjers, stor antikvitetsbutikk, med ein svær seksjon skips-gjenstandar. Kompass, kart, klokker, lykter, kikkertar, ror, tau, glasskuler, tønner, bokser, anker, barometer, kister, segl, osv... Det oste av detaljar. Alt skulle iakttakast og granskast. Ei stemningsfull atmosfære av oldtid og historie låg tjukt i rommet. Nesten som ein kunne føle båtlivet, reise århundrer tilbake i tid, segle ombord på ei gammal skute, kjenne sjøbrisen sitt friske pust i ansiktet, oppleve angen av saltvatn fylle luktesansane, og høre havbårene banke forsiktig mot skråget. Så kunne ein vandre rundt på dekk og sjå på alle gjenstandane. Vere heilt uviten om at dei ein dag ville ende opp på ei antikvitetsforretning i Ålesund og bli studert av ei nysgjerrig, overbegeistra jente, og gi både inspirasjon og glede.
"Det som er i dag, er ikkje det same i morgon"
Takk og lov for antikvitetsbutikkar.

Tuesday
Salat på bærtur

Så bar det nedover til Moa kjøpesenter igjen, for å fikse eit par ærend. Hovudsakeleg trengte eg ei ulinjert skrivebok, av type kvalitet, men etter å ha leita både høgt og lavt hos bokhandlaren, måtte eg legge kjøpet på hylla. Mens eg stod der å grubla over kvifor eg nesten aldri finn ulinjerte skrivebøker når eg treng det, så merka eg at eit par jenter stod å såg på meg. Eller såg og såg, glaning er kanskje eit meir passande ord. Ikkje det at dette var dei første ugleblikka eg hadde fått på kjøpesenteret, men ærleg talt, denne intense observeringa var då vel ikkje nødvendig. (og no meinar eg ikkje å fordømme nokon her)
Det var først då det gjekk opp for meg kva det var eg hadde på meg.
For min del hadde eg ikkje gitt antrekket mitt ein tanke ein gong, eg skulle jo berre kjøpe meg ei ulinjert skrivebok, ikkje noko big deal, men no var det ikkje mogeleg å la ver. For å seie det mildt så var ikkje kleskombinasjonen heilt i harmoni med kvarandre, ifølge dagens trend. Ingenting gjekk liksom ilag, skulle tru eg hadde spasert rett ut frå eit 80-tals Allers-magasin.
Men kvifor skal det vere slik? Heilt ærleg må eg seie at eg vart ein smule frustrert. Det går jo nesten ikkje ann å ta seg ein handletur i komfortable kle utan å bli beglodd ut av butikken.
Så derfor, som ein protest mot denne tåpelege situasjonen eg befann meg i, ville eg gjere det beste ut av det, dvs. markere kor likegyldig eg var til bekledninga mi for augenblunket. Mens dei stod innanfor synsvidde tok eg tak i den store, grå buksa mi og drog den nokre hakk lenger opp, stramma og laga ei fin sløyfe med snøringa. Deretter stappe eg buksebeina godt ned i sokkane for å framheve dei altfor store fjellskona eg gjekk i. Vidare drog eg jakkeglidelåsen heilt opp så kun litt over halve hovudet mitt var synleg. Det var like før eg skulle til å putte jakka ned i buksa, men så tenkte eg at det kanskje kunne vere lurt å virke litt normal, (viss det framleis var håp for det), overdriven "gassing" ville vere å gå altfor langt over streken...
Frå butikk til butikk spaserte eg rundt. Nesten overalt kvar eg gjekk fekk eg oppmerksamheit av ei eller anna form, følte meg som eit blinkade ambulanselys eller noko. Men så betydde det liksom ikkje noko, vertfall etter ei stund. For i bunn og grunn skal det jo heller ikkje bety noko kva vi kler oss i. Det å praktisere det kan fort bli ei anna sak.
No tvilar eg på at eg kjem til å gjere noko slikt ein gong til, det var jo kjempepinleg, det er jo ikkje ein typisk meg ting å finne på (trur eg). Men på den andre sida, kvifor ikkje, sann eigentleg...
Monday
Parken og elva
To timar fri, kva skulle eg finne på? Sjølv om kulda hadda eit godt grep om Ålesund, så var været slett ikkje så verst. Skyene segla sin daglege regatta, medan sola sto så fint og såg på.Skulle ønske eg kunne vere der oppe. Kvile på den milde austavinden og berre drive med.
Det var umogeleg å vere innendørs under slike forhold. Eg pakka godt på med ullhue, skjerf og kåpe, tok med meg kameraet mitt, og sette kursen ut i omverda. Ein tur passa ypperleg, og kanskje eg kunne greie å fange opp nokre fine motiv med apparatet mitt i same slengen.
Kor eg gjekk visste eg ikkje, men eg valgte ein kurs som verken auge eller bein hadde møtt før. Forbi Moa, inn på ei golfbane, over ei bru, inn i eit byggefelt, og inn i ein roleg, kvitkledd park.
Der likte eg meg. Ikkje ei einaste sjel og sjå. Lyden av fuglekvitring, rennande vatn, duringa av nokre bilar i det fjerne, og dråpar som drypte frå ei bru i nærleiken. Fredfullt.Elva var nokså greinette, så derfor var det slike småbruer overalt. Eg gjekk frå bru til bru, observerte strømmen og det den måtte bringe av blad, kvistar og anna smårusk. Under den eine brua låg der ein gamal, rusten sykkel i vatnet. Rart. For min del kunne eg gjerne hatt ein slik sykkel. Den var nemlig grøn.
Eg tusla vidare langs elva,tenkte at det kanskje ville dukke opp noko anna å studere. Uforventa så gjorde det det; ei handlevogn. Midt i elva. Full av diverse elvebaggasje. Kva gjorde den der, sann eigentleg? Skulle gjerne høyrt historia til denne vogna, fortapt i ei elv midt ut i ingenmannsland. Funderbar sak.
Faktisk så er det ikkje første gong eg støyter på ei slik malplassert handlevogn. Synnøve og eg fann ei ein gong, midt på natta i ei grøft heime i Ørsta. Vi tok den med heim, sann for sikkerheits skuld. Uansvarleg å la den bli igjen. Ho satt i vogna, medan eg køyrde. Så vart den ståande i hagen til pynt. Planen var å ombygge den til ein båt om sommaren, men pappa synest det var litt pinleg å ha ei godt synleg handlevogn på plenen, så han leverte den tilbake til butikken utan å spørje om tillatelse.Så møtte eg denne anda, lenger oppe i elva. Eg bestemte meg for at ho skulle heite Børre. Ja, for det var ei brun ho-and. Aleine, barsk og modig. Namnet måtte berre bli Børre, evt. Raymond. Med ivrige bein padla ho mot meg, i håp om å få ein liten lunchbit. Skulle gjerne hatt noko mat å dele med ho, men det hadde eg ikkje. Som erstatning kasta eg ein snøball på ho, tenkte kanskje ho ville ete den, men ho såg ikkje ut til å vere så altfor begeistra. Nei, det fekk halde med litt fotografering og eit smil, og så fekk turen gå mot ei avslutning, turen til parken, elva, og heim att.
Sunday
Den gamle mannen på benken

Her forleden var eg på eit av Moa sine kjøpesenter. Eit heilt ok kjøpesenter eigentleg, i tillegg til butikkar er der rulletrapper, båsbøtter, vindaug, ein brusautomat, minibank, speil, planter som står i vegen, og gamle, skitne benkar. Etter å ha tusla litt rundt omkring ville eg setje meg ned på ein av desse benkane. Då eg omsider fann ein såg eg at der satt ein eldre, blid mann på benken rett ved sida av. Han såg kjempekoseleg ut. Raude kinn, smilerynker og ein liten søt hatt pent plassert på hovudet.
Eg landa på at han måtte vere ein tidlegare gartnar, evt. bonde, med eit forholdsvis roleg liv bak seg, dei fredfulle ansiktstrekka gav ikkje inntrykk av noko anna. Etter ein nærare titt såg eg at mannen tviholdt på ei handlevogn i høgre hand. Vogna var stappfull av råvarer, nok til å romme frysedisken på ei dagelvareforretning. Kanskje han forresten var ein sunnmøring, typisk nyttårssalg-aksjon.
Eg sette meg ned, og fekk forklart at han gjerne ville ha selskap fordi kona var på shopping. Førstinntrykka mine om både sunnmøring, hagearbeidar og roleg liv, viste seg å vere langt på bærtur... Mannen var bergensar, noko eg uansett hadde skjønna av snakkerytma (det stoppa liksom aldri). Det gjekk i eitt sett. Nesten som ei lydbok det ikkje gjekk ann å skru av. Munnen rann av historier, og han hadde levd eit villt liv med stor V. Eg fekk høyre forteljingar om fattiglivet i Bulgaria, den barske tida som sjømann, korleis tilberede kyllingvingar, 2. verdskrig sine farer, twist, magesjau, ål, India-kysten, møte med farlege slangar, osv...Eg visste liksom ikkje heilt kva eg skulle tru.Omsider dukka kona opp, også ein bergensar, og hadde minst like mykje ho ville fortelje. Det vart ein kamp om merksemda mi; bjeffing på høgt nivå, puddel versus bulldog.
Så der satt eg, på benken, bom fast, innesperra mellom eit gammalt, halv-brølande ektepar og ei handlevogn full av kjøtt. For min del verka situasjonen heilt absurd. Kor lenge eg var der, har eg ikkje peiling på, men dei drog omsider fordi frysevarene ikkje skulle bli altfor smelta. Dessuten skulle dei lage torsk til middag.
Eg kunne ikkje anna enn å smile. For eit par. Utruleg kva ein kan oppleve berre ved å sette seg ned på ein benk. Eit lite snev av intiativ kan lede til så mangt...
Friday
Heilt naturleg
Sidan eg lenge har tenkt at eg vil at bloggen min skal skildre forskjellige sider av meg, tenkte eg å skrive om den dårlege dagen eg hadde i går. Ikkje det at dette er noka ekstraordinær historie, men eg tenkte eg skulle skrive den ned.
Dei fleste kjenner seg vel igjen i korleis det er å ha ein dårleg dag. Ikkje berre ha ein kjip time eller to, men at heile dagen rett og slett går skeis. Eg hugsar ikkje kva tid eg hadde ein slik dag sist, må ha vore fleire månadar sidan, noko som gjorde at det kjentes ut som eit ordentleg slag i trynet. Eg forsto nemleg ikkje sjølv kvifor dagen utarta seg slik...
Eller det kan ha noko med at dataen min vart øydelagt, at eg forsov meg, var trøytt, iskald til skjelettet (tross alt eg pakka meg inn i), + at eg hadde ei kvise i ansiktet (forfengeleg, ja, men den har liksom campa der i nokre veker no...).
Og den eine gongen eg prøvde å vere morosam og ta ein vits, slo den ikkje heilt ann, berre tørka ut det siste av god atmosfære i rommet. Du kunne høre nokon einslege hikst frå meg, etterfølgd av uutholdeleg pinleg stillheit.
Så eg følte meg guffen den dagen, enkelt og greit.
Ein konstant tanke som sirkulerte i hovudet mitt, var korleis eg skulle få snudd på dette humøret. Etter fleire mislykka forsøk byrja eg å bli temmeleg desperat. Så til slutt bar det raka vegen til Coop Obs for å kjøpe sjokolade, som eit lite plaster på såret, sidan ingenting hjalp.
Kassadama var sjokkert. Ho hevde augnebryna sine og gav meg nokre spørjande auge. Kva skulle så eg med desse åtte store sjokoladebarane som låg framfor meg? "Ehe...litt dårleg dag idag..", kremta eg idet eg prøvde å stappe sjokoladane i jakkelomma før eg forlot butikken.
Når eg kom heim bestemte eg meg for å vere asosial og ete sjokolade på rommet (for eit liv...)
Etter mellom 800g-1 kg sjokolade byrja eg å forstå at sjokolade heller ikkje fungerte. Søren.
Eg holdt nesten på å gi opp, og byrja å få fred med at i blant må det vere lov å ha ein litt dårleg dag. Men Gud ser det store og han ser det små. Sjølv om denne dagen i det store og det heile ikkje betyr så mykje, så fiksa Han den, kun fordi han bryr seg. Mystisk, eg var jo til og med litt irritert for at han tillot meg å ha ein slik dag, så snudde han den opp-ned med ein gong eg vendte meg til han. Kul fyr.
Dei fleste kjenner seg vel igjen i korleis det er å ha ein dårleg dag. Ikkje berre ha ein kjip time eller to, men at heile dagen rett og slett går skeis. Eg hugsar ikkje kva tid eg hadde ein slik dag sist, må ha vore fleire månadar sidan, noko som gjorde at det kjentes ut som eit ordentleg slag i trynet. Eg forsto nemleg ikkje sjølv kvifor dagen utarta seg slik...
Eller det kan ha noko med at dataen min vart øydelagt, at eg forsov meg, var trøytt, iskald til skjelettet (tross alt eg pakka meg inn i), + at eg hadde ei kvise i ansiktet (forfengeleg, ja, men den har liksom campa der i nokre veker no...).
Og den eine gongen eg prøvde å vere morosam og ta ein vits, slo den ikkje heilt ann, berre tørka ut det siste av god atmosfære i rommet. Du kunne høre nokon einslege hikst frå meg, etterfølgd av uutholdeleg pinleg stillheit.Så eg følte meg guffen den dagen, enkelt og greit.
Ein konstant tanke som sirkulerte i hovudet mitt, var korleis eg skulle få snudd på dette humøret. Etter fleire mislykka forsøk byrja eg å bli temmeleg desperat. Så til slutt bar det raka vegen til Coop Obs for å kjøpe sjokolade, som eit lite plaster på såret, sidan ingenting hjalp.
Kassadama var sjokkert. Ho hevde augnebryna sine og gav meg nokre spørjande auge. Kva skulle så eg med desse åtte store sjokoladebarane som låg framfor meg? "Ehe...litt dårleg dag idag..", kremta eg idet eg prøvde å stappe sjokoladane i jakkelomma før eg forlot butikken.
Når eg kom heim bestemte eg meg for å vere asosial og ete sjokolade på rommet (for eit liv...)
Etter mellom 800g-1 kg sjokolade byrja eg å forstå at sjokolade heller ikkje fungerte. Søren.
Eg holdt nesten på å gi opp, og byrja å få fred med at i blant må det vere lov å ha ein litt dårleg dag. Men Gud ser det store og han ser det små. Sjølv om denne dagen i det store og det heile ikkje betyr så mykje, så fiksa Han den, kun fordi han bryr seg. Mystisk, eg var jo til og med litt irritert for at han tillot meg å ha ein slik dag, så snudde han den opp-ned med ein gong eg vendte meg til han. Kul fyr.
Tuesday
Julestemning

Desember.
Månaden som er utgula på kalenderen, månaden eg har venta på sidan sist desember.
Adventstida er under siste innspurt og sjølvaste juleafta nærmar seg med stormskritt.
Alt dette med jula har ikkje gått opp for meg endå, og det siste eg vil i år er at denne desemberdagen skal snike seg forbi nærast ubemerka... I fjor var det litt slik. Julestemninga stakk innom ein snarvisitt på Den Store Dagen, men etter eit par julemenn, ein marsipangris og Tre Nøtter Til Askepott var det takk og farvel.
For meg handlar jula veldig mykje om stemning, og Jesus då, det er jo derfor vi feirar jula, men viss eg ikkje er innstilt på julemodus, blir det ikkje mykje jul.
DET vil eg gjere noko med. Eg trur ei liste er på sinn plass. Ei julestemningsliste...

- Lyden av snø som knitrar under skorna
- Raude gardiner i kjøkkenvindauget
- Gamle julesalmar
- Lilla stearinglys
- Lukta av nybaka julekaker
- Julemarsipan og Edamerost
- Skrive stor handleliste
- Studere nissane på melkekartongen
- Handleposar med innepakka presangar
- Knekke nøtter
- Julemorgon (nrk)
- Lese Carl Bark sin Illustrerte juleutgåve av Donald Duck
- Mamma sine vekeblad med juleoppskrifter og gåvetips
- Lyden av bjeller og klokker
- Tente faklar som skin i kveldsmørket
- Adventsstaken frå vindaugskarmen
- Julekrybba og juleevangeliet
- Roald Øyen sine julenøtter på Nrk
- Juleverkstad
- Hente julepynt frå mørkeloftet
- Dekorere juletredet
- Prøve å finne mandelen i grauten
- Lytte til korps som spelar juletonar
- Lytte til korps som spelar juletonar
- Studere snøkrystallar
- Julegudstjeneste
- Dalande snø
Subscribe to:
Posts (Atom)