...................................................................................................
Heilt ærleg kan eg seie at eg ikkje er nokon "dusj-person". I motsetnad til andre, finn eg det underleg nok ikkje så veldig underhaldande å dusje.
Det må vere den einaste økonomiske eigenskapen eg har.
Shampoo + shower gel + rennande vatn + handkle...
Kva er det med denne kombinasjonen som er så ekstremt festleg? For eg har nemleg ikkje skjønt det. At eg dusjar ofte er ei anna sak. Men det er berre fordi eg er hygienefrik.
Desse keisame minutta nyttar eg derfor til å ta opp eksistensielle spørsmål, synging (sidan det tydelegvis skal vere så populært), politikk, løyse verdsproblem ect.
Angåande sistnemde så har eg vel ikkje komon nokon veg dei siste åra, ein grunn til at eg i dag skifta tema.
Så under sist dusjing grubla eg på kor mange timar eg har tenkt i livet mitt, ein tanke eg ikkje kunne legge på hylla. Derfor gjorde eg ein grundig hjernetrim, og kokte saman mitt livs reknestykke:
20 år + 1 mnd + 7 dagar + 5 timar = 117413 timar tenking
(Eg kan nemne at eit dagleg inntak på 8-timar søvn er medrekna i reknestykket)
Her snakkar vi store tal.
Konklusjon: eg har altså tenkt i omlag 117413 timar.
Eit antal som inneber at eg faktisk har tenkt i nesten to dusin år, omlag 22,5 % av Nelson Mandela sitt liv, og nesten fire 2. verdskrigar.
Jammen har eg tenkt altså.
Etter så mykje tenking kan ein faktisk fundere på kvifor i all verda eg fortsatt er så uintelligent...eller eg gjer vertfall det.
Men det synest eg er heilt ok,
viss ikkje hadde eg sikkert gjort noko med det.
Saturday
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
9 kommentarer:
jeg tror ikke jeg tenker når jeg ser på Tv,.. Og hvis jeg leser, jeg tenker da, men egentlig er det bare min egen stemme som leser høyt inni meg - så jeg vet ikke om det tells..
Ja, eg vurderte litt det same, men så kom eg fram til at i ordet "tenke", så medreknar eg det å bruke hjerna, noko eg sikkert burde kommentert i innlegget...for den bruker vi jo så og seie heile tida, på ein eller annan måte...:)
du må ikkje slå deg i dusjen! det er på badet folk døyr veit du...
Godt poeng Lailis...kva skulle eg vel gjort utan dine råd??
Du må vere bloggverdenen sin gode fe...evt, dens mor Theresa..
Ja, eg er Mor Theresa i eigen person.
Godt å sjå at eg ikkje er aleine om å rekne ut slike ting:) Du har så koseleg blogg, Kristianne:) kjekt å sjå lese på den!
Takk fyr det Anne!
artig tankeekspriment... likte det svært godt.
Vil også anbefale deg å regne ut hvor mange timer du har brukt på do. det vil du nok få et ganske interessant svar på.
snakkes da!
halla kristianne! du bloggar ivrig iveg! eg er gla for å jobbe med deg:)maria
Post a Comment